Det vart dobbeltsiger for både 10A og 9A i årets julevolleyball. Her var det jentene som avgjorde resultatet då begge klassane vann både jenteturneringa og mixturneringa.
10A vant håndballturneringa i Førdehuset i dag! 10 klasse på FUSK hadde håndballturnering mellom dei 4 klassane i kampar på 15 minutt. En finale mellom 10A og 10D gjekk spennande for seg med eit sjeldant høgt lydnivå fra publikum.
Det kjekkaste av alt var vel å dette ut av kanoen.
8. trinnet for til Nesholmen 5. og 6 september.
Vi hadde ikkje det beste veiret ein kan få, men vi hadde ein kjekk dag alikvel.
Natt til fredag vart ein stor katt og mus-leik mellom elevar og lærarar. Elevar sprang frå lavo til lavo og gjømde seg, mens lærarane gjekk rundt og sjekka telta. Overlevingsturen for 9b og 9d fann stad i Erdalen frå torsdag 1.9. til fredag 2.9. Opp brattene i Erdalen vart det tungt for mange med tunge sekkar, men lærarane skraut av sportsleg haldning. Dagsprogramma vart gjennomført på ein ordentlig måte, og alle hadde det kjekt.
Alle 9-klassingane deltok på bærtur innerst i Angedalen (Botnen) i går. 40 km var tungt å sykle, men alle viste styrke. Det var ein kjekk tur og ein fin start på eit nytt skuleår. (Er det noko vi niande-klassingar kan, så er det å vere heilt på bærtur.)
Onsdag 1. juni vart det arrangert juniorkonferanse i Førdehuset. Elevane frå 8.-steget frå både Førde Ungdomsskule og Halbrend Ungdomsskule var der. Der venta ordførar Nils Gjerland og rådmann Ole John Østenstad for å fortelje detaljert om kommunen og kommunale arbeidsplassar.
31. juni deltok 118 elevar frå Førde Ungdomsskule på orientering på Soleide. Vi var heldige med at det ikkje vart regn, og heller ikkje for varmt. Det var også koseleg med grilling på slutten.